Musikk
Ring, ville klokkor
Fotnoter

Hide Footnotes

Tema

130

Ring, ville klokkor

Inderlig

1. Ring, ville klokkor, mot vill sky,

mot stormflengd natt og nordljosblag:

Eit år skal døy før morgondag,

ring, ville klokkor, lat det fly.

Eit år skal døy før morgondag,

ring ville klokkor, lat det fly.

2. Ring mørkret ut so ljoset vinn,

ring, glade klokkor, over øy:

Sjå året rømer, lat det døy;

ring lygni ut og sanning inn.

Sjå året rømer, lat det døy;

ring lygni ut og sanning inn.

3. Ring inn ei ætt meir modig, fri,

meir hjartevarm, meir mjuk på hand;

ring mørkret ut or alle land,

ring inn ein frelsar i vår strid.

Ring mørkret ut or alle land,

ring inn ein frelsar i vår strid.

Tekst: Alfred Tennyson, 1809–1892

Musikk: Crawford Gates, 1921–2018. © 1948 IRI

Overs. til nynorsk: Olav H. Hauge, f. 1908 © Olav H. Hauge. Brukt med tillatelse.

2. Nephi 2:27–28

Lære og pakter 50:23–25