Musikk
No livnar det i lundar
Fotnoter

Hide Footnotes

Tema

37

No livnar det i lundar

Friskt

1. No livnar det i lundar,

no lauvast det i li,

den heile skapning stundar

no fram til sumars tid.

2. Det er vel fagre stunder

når våren kjem her nord,

og atter som eit under

nytt liv av daude gror.

3. Guds ord vel alltid lyser,

den sol gjeng aldri ned.

Det hus som Anden hyser,

ligg støtt i ljos og fred.

4. Du vår med ljose dagar,

med lengting, liv og song,

du spår at Gud oss lagar

ein betre vår ein gong,

5. då me med vigsla tunge,

med kjærleik heil og klår,

alt utan brest og sprunge

skal lova Herren vår!

Tekst: Elias Blix, 1836–1902

Musikk: Ludvig M. Lindeman, 1812–1887

Salme 74:16–17

Alma 30:44